Bokomtaler av Hippiereisen

Denne er hentet fra Bokelskere.no via Nordli sin side (jeg var forresten bare 21)

Les hva BOKBLOGGER har å si om boka:

Dette er ein dokumentar, eller rettere sagt ei reiseskildring frå hippietida på slutten av 70-talet.

Som 21-åring la forfatter ut på ei eventyrleg reise. Ei reise som skulle vare i 6 år og som skulle føre ho rett i armene på sin store kjærleik. Dette er historia om da Birgit Løitegaard la ut på sin hippiereise i 1978.

Forfatter skreiv dagbok frå turen, og har i seinere tid tatt den fram igjen og gjenskapt reisa. Det som står i boka skal vere autentisk, men naturleg nok har forfatter brukt litt frihet rundt det å utfylle informasjonen for å skape eit heilhetlig bilete frå turen. Boka er skrevet i dagboksjanger, i form av datoer og sted. Det er utfyllende historier me får, som veksler fra spennende møter med lokalbefolkning og kultur, til amper stemning og sjukdom.

I starten av boka skildrer forfatter kort sin oppvekst fra Rjukan. Ein oppvekst der ho fekk gjere stort sett det ho ville, men likevel følte ho seg annleis. I så måte var det ein litt tøff oppvekst, sjølv om ho hadde meir frie tøyler enn det andre kanskje hadde på den tida.

Etterkvart får me eit innblikk i kvifor ho vil reise og forberedelsene til turen nedover mot Asia. Den starta i London med mål for Kathmandu. Dette var ein tur som ikkje så mange nordmenn bega seg ut på på denne tida, og som er så veldokumentert som denne historia er.

Når reisa starter er dei 23 personer frå forskjellige land som reiser sørover. Her får ein skildringer frå turen der dei sit rundt eit bål om kvelden, synger, drikker og har eit fritt og sosialt liv. Ho møter mange personer på sin veg, både hyggelige og mindre hyggelige.

Me vert godt kjent med Birgit i boka. Det er mange tanker og valg som må takast undervegs, så me kjem god under huda på hovedperson. Samvittigheita ligg heile tida å vaker under overflata, sjølv om ho må ta nokre tøffe valg som kan såre andre, eller som etterlater eit barn eller vaksen like fattig. Kjærleikslivet lever sitt eiga liv, og fylgjer Birgit som ein raud tråd boka gjennom.

Det er ingen tvil om at forfatter har fått mange og sterke inntrykk frå turen. Ho skriv blant anna då dei vert angrepet med stein i Kurdistan, eit Iran som er på kanten av ein borgerkrig medan dei er der, og ein plass langt ut på landsbygda vert dei bokstaveleg tala jaga av nesten alle innbyggjarane der. Her skulle eg gjerne sett at ho utbroderte enda meir rundt desse gode og spennende historiene, for å få ei betre motvekt til alt det andre som er skildra.

“Vi begynte å løpe. Det føltes som vi var under angrep av ville hunder. Så begynte ungene å kaste stein, de kom fykende. En traff meg hardt i bakhodet, jeg følte jeg så stjerner. Redselen fylte meg. Fortere enn dette klarte jeg ikke å løpe. Jeg kjente blodsmaken i munnen. Jeg løp så fort jeg kunne over den steinete harde bakken, en stein traff et punkt i albuen min. Smerten skjøt gjennom kroppen, og jeg så hånda mi bli hvit og stiv.”

Løitegaard skildrer eit samfunn der fattigdom er eit stort problem. Det vert mange episoder med tigging, og ho vert konstant forsøkt lurt for penger, og der ein god del av mannfolka er særs innpåslitne. Dei grafser og klår og enkelte går så langt at dei utfører fysiske handlinger.

Forfatter har på si reise brukt dagboka til å skrive gode skildringer undervegs. Det er ein god del om miljøet dei vandrer langs, religionene dei treff på og klesdrakter og klesstil som dei møter på. Naturleg nok er det også ein del gjentakende historier om markedsplasser, tigging, pruting, kjøp av eksotiske matsorter og klesplagg, siden dette var kvardagen der nede.

“Vi måtte legge merke til avføringen vår på en helt ny måte, det var viktig. Det var en indikasjon på helsetilstanden. Der hjemme gikk vi bare på en ren, hvit porselens-do, dro i en spake og skylte alt bort, uten å tenke over hvordan den så ut. Sånn var det ikke nå, vi lærte å kjenne på kroppen, tenke over hva vi kunne spise eller ikke spise. Men rensligheten var nok ikke helt på topp, dessverre. Det var sjelden noe sted å vaske hendene, og varmt vann og såpe trengte vi ikke å tenke på en gang. Selv dopapir var en luksusartikkel.”

Kapitlene varierer i lengde, men generelt er dei relativt korte og har eit varierende innhald. Det er mange personer ho møter på undervegs, nokre vert med ho videre, andre forsvinn nesten før ein har lest kva vedkommende heitte. Eg følte at det kanskje vart litt mange som vart nevnt med navn utan at ein hadde noko informasjon om vedkommende. Forfatter hugsar nok enkelte av desse veldig godt, men for meg som leser er det ubetydelig all den tid eg ikkje får bli nærere kjent med personen.

Løitegaard har ikkje lagt skjul på sitt bruk av narkotiske stoffer i sine skildringer. Det er åpent og ærleg skrevet frå hippietida. Frå «uskyldige» svake stoffer der ein joint var like vanleg som ein kopp kaffe, til hardere stoffer som gav sterke effekter og bivirkninger. Denne tida viser også kor fritt alt var, og kor naiv ein var i møte med andre personer. Forfatter vart med mange ukjente heim på dag og kveldstid uten å ane kva dei eigentleg hadde i tankene. I dagens samfunn ville det nesten vert utenkelig.

Folk som har opplevd det glade 70-talet og hippietida vil nok gjenkjenne denne tida veldig godt. Dette er ei bok som tar deg tilbake til 70-talet, sjølv om det er på eit anna kontinent, så levde forfatter det livet som det andre personer rundt om i Europa gjorde. Men at sanseinntrykka vart annleis for forfatter er det ingen tvil om.

Språket er veldig bra. Det er velformulerte setninger, og viser at forfatter har lagt ned eit stort arbeid i teksten. Enkelte setninger er på engelsk, men ein mister ikkje oversikt på noko som helst måte om ein ikkje skjønner innhaldet.
Eg har ikkje vektlagt eventuelle skrivefeil, då eg har lest ein tidleg versjon av boka på PDF.
Enkelte ord og hendinger er av og til litt gjentakende, men det aller meste er av topp topp klasse. Som når dei er ved Taj Mahal, og ho skriv om landskap og soloppgang og solnedgang. Det er magisk.

“Men så begynte himmelen langsomt å bli rød, og den sorte silhuetten av Taj Mahal tegnet seg i horisonten. Den karakteristiske kuppelen pekte stolt opp mot himmelen omgitt av de fire minaretene. Wow, det var utrolig fint, helt ikonisk. Jeg varmet fingrene på tekoppen mens himmelen begynte å gløde i rødt og lilla som et postkort i kitsj-stil bak den vakre bygningen.”

Ein lærer litt om kultur, steder osv undervegs i historia, og det er ei interessant forteljing frå tida før turismen gjorde sitt innrykk for alvor. På den tida var ei norsk kvinne eit nytt blikkfang i bybiletet, og det skapte oppmerksomhet.
Ho besøkte plasser som nødvendigvis ikkje er turistattraksjoner, eller plasser der folk flest ferdes. Men på den tida var det steder som hadde masse å by på, og som dei besøkte undervegs.

«Hippiereisen» er eit unikt innblikk i hippietida og før turismen gjorde sitt inntog nedover mot Asia. Birgit Løitegaard fører deg tilbake til slutten av 70-talet med stødig hånd med sine gode skildringer, hjertevarme møter, og mindre hyggelige opplevelser undervegs. Dette er ei bok mange vil ha stor glede av å lese. Anbefales.

TERNINGKAST: 4+

MANGE PERSONLIGE TILBAKEMELDINGER KOMMER OGSÅ, SOM FOR EKSEMPEL DENNE:

Er du bokanmelder, bokhandler eller journalist ? Da kan du få et gratis lese-eksemplar tilsendt ved å skrive til info@bod.no Vennligst oppgi hvor du jobber ved hjelp av lenke, kort e.l.

Her er hva Silje skrev på Instagram
Setter pris på sammenligningen, i alle ærbødighet

Les hele omtalen her på denne linken:

https://frifagbevegelse.no/bok-film-og-musikk/hippieliv-pa-godt-og-vondt-6.158.875980.a6c1a46e65?fbclid=IwAR1-gAC744d1CZQu-DTaF3DKdEQMDmj2LUJaufVHUfkE23yBHljuzg7hzRE

https://jernbanefrua.com/2022/09/16/hippiereisen-av-birgit-loitegaard-bokanmeldelse/

Denne veldig hyggelige anmeldelsen dukket opp i dag. Det satt jeg stor pris på. Tusen takk Jernbanefrua.com